tirsdag 20. september 2011

Fila er borte!

Fila er borte!
Dette er eit kjent utrop frå mange fortvila elevar, og som også er med på å gje grå hår i hovudet på mange lærarar. På den skulen eg jobbar så var dette eit velkjent problem som ofte gjorde undervisningsyktene vanskelege. Vi fann ut at vi ikkje kunne drive på denne måten lenger, og det blei gjort eit grep: Elevane i småskulen, d.v.s 1.-4. klasse vart "kursa" i korleis ein brukte mappestrukturen på datamaskinene. Vi erfarte at då desse elevane tok steget opp på mellomtrinnet, så var dei fleste trygge i bruken av fillagring og bruk av mapper. I denne samanhengen så viste det seg at tidleg innsats var verdifullt.

Alle problem, som var knytt til filhandsaming, vart dessverre ikkje løyst. Ei av utfordringane var at alle elevane hadde tilgong til kvarandre sine mapper. Dette kunne skape problem, når elevar heitte det samme, eller ved at andre elevar gjekk inn på filene eller mappene og gjorde "ulovlege endringar". Problemet vart etterkvart så stort at IT-avdelinga bestemte seg for å gjere radikale endringar. Dei tradisjonelle PC`ane vart erstatta med det som vert kalla tynnklientar. Det vil seie at all programvare og filer vart lagt på ein server. Dette gjorde at alle elevane fekk sitt eige brukarnamn og passord, slik dei fekk tilgong til sin del av serveren, der dei hadde lagra sine private filer.

Fordelen med dette er at filene endeleg er private og ein slepp å bekymre seg for at andre klussar med arbeidet. Bakdelane er at elevane ikkje alltid huskar brukarnamn og passord. Vi lærarar har heller ikkje anledning til å gå inn å sjå på arbeidet som vert gjort. Og det krev også at nettverket er stabilt, noko det av og til ikkje er.

Det eg peika på ovanfor, når det gjaldt tilgong til elevtekstane, har vi løyst ved at vi lar elevane legge filene sine i Ped-It, slik at vi og medelevane kan samarbeide vidare med tekstane.

Så lenge brukarnamn/passord og nettverk fungerer så er dette ei betre løysing, fordi elevane har betre kontroll på sine filer, og det krev meir av oss lærarar, då med tanke på kompetanseutvikling og bruk av LMS.