tirsdag 20. september 2011

Fila er borte!

Fila er borte!
Dette er eit kjent utrop frå mange fortvila elevar, og som også er med på å gje grå hår i hovudet på mange lærarar. På den skulen eg jobbar så var dette eit velkjent problem som ofte gjorde undervisningsyktene vanskelege. Vi fann ut at vi ikkje kunne drive på denne måten lenger, og det blei gjort eit grep: Elevane i småskulen, d.v.s 1.-4. klasse vart "kursa" i korleis ein brukte mappestrukturen på datamaskinene. Vi erfarte at då desse elevane tok steget opp på mellomtrinnet, så var dei fleste trygge i bruken av fillagring og bruk av mapper. I denne samanhengen så viste det seg at tidleg innsats var verdifullt.

Alle problem, som var knytt til filhandsaming, vart dessverre ikkje løyst. Ei av utfordringane var at alle elevane hadde tilgong til kvarandre sine mapper. Dette kunne skape problem, når elevar heitte det samme, eller ved at andre elevar gjekk inn på filene eller mappene og gjorde "ulovlege endringar". Problemet vart etterkvart så stort at IT-avdelinga bestemte seg for å gjere radikale endringar. Dei tradisjonelle PC`ane vart erstatta med det som vert kalla tynnklientar. Det vil seie at all programvare og filer vart lagt på ein server. Dette gjorde at alle elevane fekk sitt eige brukarnamn og passord, slik dei fekk tilgong til sin del av serveren, der dei hadde lagra sine private filer.

Fordelen med dette er at filene endeleg er private og ein slepp å bekymre seg for at andre klussar med arbeidet. Bakdelane er at elevane ikkje alltid huskar brukarnamn og passord. Vi lærarar har heller ikkje anledning til å gå inn å sjå på arbeidet som vert gjort. Og det krev også at nettverket er stabilt, noko det av og til ikkje er.

Det eg peika på ovanfor, når det gjaldt tilgong til elevtekstane, har vi løyst ved at vi lar elevane legge filene sine i Ped-It, slik at vi og medelevane kan samarbeide vidare med tekstane.

Så lenge brukarnamn/passord og nettverk fungerer så er dette ei betre løysing, fordi elevane har betre kontroll på sine filer, og det krev meir av oss lærarar, då med tanke på kompetanseutvikling og bruk av LMS.

3 kommentarer:

  1. Hei!:)
    Eg har også vore borti dette problemet. Eg var inne i ein klasse på 2.trinn der vi kvar fredag delte klassen i to før lunsj der halvparten hadde data og andre parten eit anna fag.
    Me brukte mykje tid på innlæring av mapper, finne fram til dokumente, lagring, og det å skrive navnet sitt på dokumenta. Kvar torsdag laga me til ein mal til elevane som viste dei trinn for trinn kva dei skulle gjere. Før me slapp elevane til på data gjekk me alltid gjennom i lag med elevane kva dei skulle gjere. Korleis starte word, korleis skal eg finne igjen mappa mi, nytt dokument og lagring.
    Eg trur tideleg innsats er nøkkelordet her, det å lære opp elevane frå start korleis ein skal finne fram i mappestrukturen på datamaskina. Det å gje elevane kurs i dette vil styrke deira kompetane på området.
    Som du skriv vil nok ikkje alle problema til filhandsaming verta løyst, men det å setja inn tidlig innsats på området gjer at elevane vert meir kompetente på området.
    Bakdelen med å gjera filene private blir at me som lærara ikkje får innsyn på arbeidet som elevane har gjort, men hadde det då vore mogleg at elevane skriv det ut ved slutten av arbeidsøkta og sett det inn i ein perm som du tek vare på?

    Katrine

    SvarSlett
  2. Det ringer en bjelle hos meg også her, og jeg tipper det er en kjent problem for mange dessverre. På skolen der jeg jobber er det opprettet egne harddikser gjennom elevserver, som gjør at filer ikke skal bli borte...hvis elevnettverket ikke er nede..og hvis elevene husker på å lagre på rett sted..

    Det sistnevnte har vært et kjempeproblem hos oss, spesielt på mellomtrinnet. Elevene på småskoletrinnet har brukt pc og lagret på rett måte siden de begynte, mens for mellomtrinnselevene er det ganske nytt ennå. Praktisk opplæring i mappestruktur er noe skolen nettopp har begynt med, noe som "tvinger" elevene til å organisere filer og mapper på en hensiktsmessig måte. Dette med lagring kommer også inn her.

    Jeg har også tidvis syntes det var problematisk å ikke ha innsynsrett når elevene har sin egen harddisk på elevnettverket, men jeg synes det har kommet seg etter at jeg begynte å bruke innleveringsmapper på fronter i en større grad. Da er det også enklere å gi tilbakemelding.

    Jeg må også si meg helt enig med Tvildus i at tidlig innsats må være helt essensielt.

    SvarSlett
  3. Et velkjent problem. Noen ganger "mister" elever fila også bevisst ved prøver og innleveringer, andre ganger har de rett og slett for dårlig fil- og mappestruktur. Vi bruker its learning på min skole. Der har elevene arbeids- og presentasjonsmapper hvor de legger dokumenter og elevarbeider som er viktige og som skal vurderes. Ulempen med arbeidsmappene på its learning er at man ikke kan organisere dokumentene i mapper igjen i arbeidsmappa, så det blir mange dokumenter. Jeg har også erfart at elevene må ha veiledning på hvordan opprette mapper på sin maskin og hvordan merke filer med navn som gjør det logisk å finne fila igjen. Selv om vi sier at barn og ungdom har rimelig høy digital kompetanse i Norge, så er det mange elementer de ikke mestrer. Jeg arbeider på en videregående skole hvor alle elver har hver sin pc og har flere ganger overvurdert elevens digitale kompetanse. Derfor har vi hver høst ved skolestart opplæring i basic bruk av pc, mappestruktur, filnavn og its learning for å minske risikoen mot å "miste fila".

    SvarSlett