søndag 9. oktober 2011

Å lære av andre er juks!



Eg har i mange år undra meg over born si holdning til læring, og eit ikkje kjent uttrykk frå born er: han/ho har herma etter meg! Det kan verke som det er ei grunnleggande haldning i menneske at ein skal bevise sitt arbeid som mest mogleg sjølvstendig, men kvifor vel vi då å plagiere? Om ein set plagiering og herming i samme kategori så er vel dette også minst like grunnleggjande for mennesket, og vi hadde vel stått ganske stille om vi ikkje hadde den eigenskapen?

Får du i oppgåve og finne opp kruttet så bruker ein ikkje all verda med tid på å finne det opp på nytt. Her er oppskrifter i massevis.
Om ein kan drage parallellar til skuleverket, så vert også skriveoppgåvene ofte lagt i samme bås. Vi har foreldre, venner, besteforeldre, ja, kanskje oldeforeldre som har løyst same oppgåvene. Det vert ikkje mykje nyskaping av dette, vi lærer av forfedrene, og ikkje minst venner, og brukar deira oppskrifter. Eg meiner det er vår jobb som lærarar å utvikle oppgåver som kan minske sjansen for at dei vert skrivne som eit plagiat, eller kanskje vi kan forme dei slik at det vert ei bevisstgjering kring dette temaet i oppgåva. Leif Harboe har i "Norskboka.no" kome inn på ein rekke punkt, som kan vere nyttig i arbeidet med å motvirke plagiering. Dette er å anbefale!

Eg underviser på mellomtrinnet, så dette med plagiering er ikkje like mykje oppe i dagen, som til dømes for ungdomskule og vidaregåande, men ein ser ofte at elevane sitt møte med oppslagsverk på mellomtrinnet, ber preg av at klipp og lim er eit innebygd instinkt hjå mange elevar. På grunnlag av dette kan det vere naturleg å starte arbeidet kring omgrepa kjeldebruk og plagiering. Eit av kompetansemåla i norsk etter 7. trinn er at eleven “skal forklare opphavsrettslige regler for bruk av tekster hentet fra Internett”. Om ein jobbar systematisk med dette i lag med elevane så kan det skape gode haldningar og auka refleksjon knytt til arbeidet med kjelder. I min eigen undervisningspraksis så har elevane arbeidd litt med dette, og det som eg har erfart, er at det kan vere lurt er å gje elevane eit sortert utval av kjelder dei kan bruke. Eg har også avgrensa kor mykje dei kan kopiere frå ei tekst, og har då, for ordenskuld,  sagt eit maks linjetal. Dette for å gjere det lettfatteleg for borna, i denne samanhengen må elevane også føre opp kva for kjelder dei har brukt.  

På bakgrunn av mine erfaringar i skulen så meiner eg at det kan vere ein fordel å starte tidleg med dette arbeidet. Kanskje ein kan redusere mengda av plagiert skrivearbeid som vert produsert på ungdomskule og vidaregåande? 

Det bør i allefall vere ei målsetting!


Kjelder:

Harboe L. “Norskboka.no s.67” (2010) Universitetsforlaget.no
http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=156250&v=5


onsdag 5. oktober 2011

DKL101, tekst, digitale læringsressursar

Dagens lærarar har dei siste åra fått ein auke i tilgongen til ulike digitale læringsressursar. Forlaga som leverer lærebøker har gjerne også ein nettstad som er knytt til dei ulike læreverka. Vi finn også mange organisasjonar som leverer mange ulike læringsressursar. I denne bloggen har eg skrive litt om dei eg har gode erfaringar med.

Den første eg vil nemne er.astronomi.no sine sider om dei åtte planetane. Desse sidene kan ein kalle hypertekst. Her kan ein vandre rundt i teksta ved å klikke på mange ulike lenker som ein finn i teksta. Å bruke desse sidene kan vere eit fint alternativ til læreboka, fordi her er mange fleire bilete knytt til dei ulike planetane, og ein finn også mykje meir fakta, enn det som står i lærebøkene. Eg underviser sjølv på mellomtrinnet, og mine erfaringar er at det som kan vere utfordrande er den store mengda av informasjon som ligg på desse sidene. Dette meiner eg medfører er at ein som lærar bør legge sterke føringar for kva elevane skal finne på desse sidene. Ein kan vel seie at desse sidene vert brukt som eit digitalt oppslagsverk.

Den andre eg vil nemne er Viten.no sine læringsressursar på nett. Desse er i hovudsak retta mot ungdomstrinnet og vidaregåande, men ein kan velge ut aktuelle tema for mellomtrinnet. I min undervisningspraksis har eg blant anna valt å vise korleis plantene formeirar seg, ved hjelp av Viten sine ressursar om dette emnet#. I denne samanhengen vart undervisninga sterkt lærarstyrt, fordi eg valte å bruke animasjonane til dette emnet. Mi erfaring var at bruken av dette gjorde undervisninga meir lettfatteleg og motiverande for elevane, fordi det i undervisninga vart brukt ein interaktiv læringsressurs, med animasjonar, lyd og bilete.

I skulekvardagen er ei av utfordringane å mestre mangfoldet av elevar, og det å ha ei god verktøykasse i ulike undervisningsmetodikkar.  Eg har fått mange gode tips og etterkvart mange gode erfaingar etter å ha lese boka: “Å mestre mangfoldet” av Ruth Jensen og mykje av refleksjonane mine under er inspirert av denne boka.

Det som er interessant når ein er inne på digitale læringsressursar, er korleis dette kan knytast til læringsstilar. Læringsstilar omhandlar vår måte å lære på, og ser ein meir på desse så kan ein grovt sett dele elevane inn i grupper, etter kva måte dei lærer best. Vi har auditive, kinestetiske, taktile og visuelle læringsstilar. Eg skal ikkje gå så mykje inn på desse her, men ein kan sjå at bruken av til dømes Viten.no er med på å dekke fleire av desse stilane og dermed fleire elevar. I læraryrket er tilpassa opplæring viktig, og eg meiner digitale læringsressursar kan vere ein viktig reiskap for å nå dette målet.




Jensen Ruth. (2004) Å mestre mangfoldet, en bok om læringsstiler” :N.W. Damm og Søn
Nettadresser:
http://www.astronomi.no/DNP/nineplanets/
www.viten.no