Eg har i mange år undra meg over born si holdning til læring, og eit ikkje ukjent uttrykk frå born er: han/ho har herma etter meg! Det kan verke som det er ei grunnleggande haldning i menneske at ein skal bevise sitt arbeid som mest mogleg sjølvstendig, men kvifor vel vi då å plagiere? Om ein set plagiering og herming i samme kategori så er vel dette også minst like grunnleggjande for mennesket, og vi hadde vel stått ganske stille om vi ikkje hadde den eigenskapen?
Får du i oppgåve og finne opp kruttet så bruker ein ikkje all verda med tid på å finne det opp på nytt. Her er oppskrifter i massevis.
Om ein kan drage parallellar til skuleverket, så vert også skriveoppgåvene ofte lagt i samme bås. Vi har foreldre, venner, besteforeldre, ja, kanskje oldeforeldre som har løyst same oppgåvene. Det vert ikkje mykje nyskaping av dette, vi lærer av forfedrene, og ikkje minst venner, og brukar deira oppskrifter. Eg meiner det er vår jobb som lærarar å utvikle oppgåver som kan minske sjansen for at dei vert skrivne som eit plagiat, eller kanskje vi kan forme dei slik at det vert ei bevisstgjering kring dette temaet i oppgåva. Leif Harboe har i "Norskboka.no" kome inn på ein rekke punkt, som kan vere nyttig i arbeidet med å motvirke plagiering. Dette er å anbefale!
Eg underviser på mellomtrinnet, så dette med plagiering er ikkje like mykje oppe i dagen, som til dømes for ungdomskule og vidaregåande, men ein ser ofte at elevane sitt møte med oppslagsverk på mellomtrinnet, ber preg av at klipp og lim er eit innebygd instinkt hjå mange elevar. På grunnlag av dette kan det vere naturleg å starte arbeidet kring omgrepa kjeldebruk og plagiering. Eit av kompetansemåla i norsk etter 7. trinn er at eleven “skal forklare opphavsrettslige regler for bruk av tekster hentet fra Internett”. Om ein jobbar systematisk med dette i lag med elevane så kan det skape gode haldningar og auka refleksjon knytt til arbeidet med kjelder. I min eigen undervisningspraksis så har elevane arbeidd litt med dette, og det som eg har erfart, er at det kan vere lurt er å gje elevane eit sortert utval av kjelder dei kan bruke. Eg har også avgrensa kor mykje dei kan kopiere frå ei tekst, og har då, for ordenskuld, sagt eit maks linjetal. Dette for å gjere det lettfatteleg for borna, i denne samanhengen må elevane også føre opp kva for kjelder dei har brukt.
På bakgrunn av mine erfaringar i skulen så meiner eg at det kan vere ein fordel å starte tidleg med dette arbeidet. Kanskje ein kan redusere mengda av plagiert skrivearbeid som vert produsert på ungdomskule og vidaregåande?
Det bør i allefall vere ei målsetting!
Kjelder:
Kjelder:
Harboe L. “Norskboka.no s.67” (2010) Universitetsforlaget.no
http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=156250&v=5