søndag 9. oktober 2011

Å lære av andre er juks!



Eg har i mange år undra meg over born si holdning til læring, og eit ikkje kjent uttrykk frå born er: han/ho har herma etter meg! Det kan verke som det er ei grunnleggande haldning i menneske at ein skal bevise sitt arbeid som mest mogleg sjølvstendig, men kvifor vel vi då å plagiere? Om ein set plagiering og herming i samme kategori så er vel dette også minst like grunnleggjande for mennesket, og vi hadde vel stått ganske stille om vi ikkje hadde den eigenskapen?

Får du i oppgåve og finne opp kruttet så bruker ein ikkje all verda med tid på å finne det opp på nytt. Her er oppskrifter i massevis.
Om ein kan drage parallellar til skuleverket, så vert også skriveoppgåvene ofte lagt i samme bås. Vi har foreldre, venner, besteforeldre, ja, kanskje oldeforeldre som har løyst same oppgåvene. Det vert ikkje mykje nyskaping av dette, vi lærer av forfedrene, og ikkje minst venner, og brukar deira oppskrifter. Eg meiner det er vår jobb som lærarar å utvikle oppgåver som kan minske sjansen for at dei vert skrivne som eit plagiat, eller kanskje vi kan forme dei slik at det vert ei bevisstgjering kring dette temaet i oppgåva. Leif Harboe har i "Norskboka.no" kome inn på ein rekke punkt, som kan vere nyttig i arbeidet med å motvirke plagiering. Dette er å anbefale!

Eg underviser på mellomtrinnet, så dette med plagiering er ikkje like mykje oppe i dagen, som til dømes for ungdomskule og vidaregåande, men ein ser ofte at elevane sitt møte med oppslagsverk på mellomtrinnet, ber preg av at klipp og lim er eit innebygd instinkt hjå mange elevar. På grunnlag av dette kan det vere naturleg å starte arbeidet kring omgrepa kjeldebruk og plagiering. Eit av kompetansemåla i norsk etter 7. trinn er at eleven “skal forklare opphavsrettslige regler for bruk av tekster hentet fra Internett”. Om ein jobbar systematisk med dette i lag med elevane så kan det skape gode haldningar og auka refleksjon knytt til arbeidet med kjelder. I min eigen undervisningspraksis så har elevane arbeidd litt med dette, og det som eg har erfart, er at det kan vere lurt er å gje elevane eit sortert utval av kjelder dei kan bruke. Eg har også avgrensa kor mykje dei kan kopiere frå ei tekst, og har då, for ordenskuld,  sagt eit maks linjetal. Dette for å gjere det lettfatteleg for borna, i denne samanhengen må elevane også føre opp kva for kjelder dei har brukt.  

På bakgrunn av mine erfaringar i skulen så meiner eg at det kan vere ein fordel å starte tidleg med dette arbeidet. Kanskje ein kan redusere mengda av plagiert skrivearbeid som vert produsert på ungdomskule og vidaregåande? 

Det bør i allefall vere ei målsetting!


Kjelder:

Harboe L. “Norskboka.no s.67” (2010) Universitetsforlaget.no
http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=156250&v=5


2 kommentarer:

  1. Hei!:)
    Eg har nett avslutta 3 vekers observasjons praksis i spesialpedagogikk på 1.trinn og opplevde akkurat det du skriv om at ho/han herma etter meg. På veiledning med øvingslærar fortalte eg kort om den observasjonen eg hadde mellom desse to elevane. Eg spurte om det var greitt at elevane herma etter kvarandre når dei arbeide. Då sa ho til meg: Dersom eleven har eit behov for å herme/sjå på den andre eleven sitt arbeid ved å skrive av, så la han gjere det.
    Eg er enig med deg her du seie at det er grunnleggande for menneske. Når me var små var det akkurat dette grunnleggande ved herming som gjore at me kom oss opp og fram i livet, og eg ser det naturleg for born herme etter kvarandre. Det er nettopp vår oppgåve å legge til rette oppgåvene slik at det minskar sjansen for plagiat og herming.

    Du skriv her at du arbeidar på mellomtrinnet og at elevane bære preg av innebygd klipp og lim instinkt og at det kan vere naturlig å starte med omgrepa kring kjeldebruk og plagiat. Kva med å la elevane oppdage sjølve at klipp og lim ikkje er gunstig for læring? La dei elevane som er på klipp og lim stadiet til å forklare kva dei har skreve. Ofte vil elevane møte på ukjende ord og omgreip som dei ikkje forstår. Då kan ein sjå moglegheiten til å forklare desse elevane kor viktig det er at dei gjer fagstoffet om til sitt eige.
    Eg trur også vidare at det er viktig at me har med oss TPO i tankane våre. Nokon elevar strevar med skriving og synes det er eit herk å måtte produsere eigne tekstar. Lat dei klippe og lime tenkjer eg, då har dei iverfall fått ei meistringsfølelse på at dei har levert noko og når ein ser at eleven er komme til det stadiet at han kan få utfordringa, grip sjangsen og snakk med eleven om å gjere fagteksten om til sitt eige slik at han/ho forstår det han har skreve.

    Eg trur det er veldig viktig at me ikkje leite etter juks og plagiat, men at me heller bruke tida på å veileda elevane og gje dei den kompetansen som skal til, slik at me slepp plagiat i skulen. Dess tidlegare ein informere om det, dess mindre plagiat vil ein ha.
    Me er her for å gje elevane tilstrekklig kunnskap og kompetanse for livet vidare, ikkje for å leite etter juks og negative ting som drep motivasjon og lærelyst.

    SvarSlett
  2. Hei Øyvind
    Jeg har tidligere vært lærer på melommtrinnet og opplevde som deg mye klipp/lim og direkte avskrift.
    Jeg kom "problemet" til livs ved å innføre at elevene skulle spørres om betydningen av ord i tekster/framlegg/oppgavesvar de la fram for hverandre.
    På denne måten ble elevene oppmerksom på at de stod til ansvar for eget arbeid og for at de forsto informasjonen de hentet inn.

    Det kan høres ut som om jeg har hengt ut elever som tar den enkle veien til svar, men det er ikke tilfelle.
    Første gangen vi gjennomførte det gikk alle elevene i "fella" og jeg kunne med letthet ta opp i felleskap hvilke feil elevene generelt hadde gjort. Allerede andre gang vi gjennomførte en framføring tok elevene over rollen som kritikere.
    Spørsmålet "Hva betyr monarkisk enevelde?" stilt av en medelev fører til en ansvarliggjøring ovenfor eget arbeid på en bedre måte enn en lærers innblanding etter min erfaring.

    Jeg er overbevist om at din måte med sorterte utvalg og begrense sitater er med på å modne elevene for kildebruk senere i skolegangen =),
    og en bedre vei til gode kildebrukere enn min løsning.
    -Stian-

    SvarSlett